Klart for landslagets friidrettskule

friidrettsskolen-1100-200335.png

Neste veke (veke 33) startar Landslagets friidrettskule på Høddvoll. Idrettskulen er fullteikna med over 100 deltakarar. Fredag vart det sendt ut litt praktisk info. 

Dersom du ikkje har fått infoen så kan du trykke å "Les meir" så kan du sjå kva som er sendt ut.

Vi i Dimna IL gleder oss veldig til å vere saman med dokke på årets Idrettsleikar som har fått namnet Landslagets friidrettskule. Vi skal ha det kjempegøy med ulike aktivitetar kvar dag. Vi kjem til å vere tilsaman cirka 100 barn i alderen 6-12 år, og 14 leiarar.

Idrettsleikane startar mandag 16. august og varer fram til fredag 20. august

Stad: Høddvoll Stadion, friidrettsbana

Vi møtast kvar dag klokka 09.00 på tribuna ved kiosken under tribunetaket (friidrettstadion). Dersom det er dagar du ikkje kan komme, er det viktig at vi får beskjed så vi ikkje ventar på deg. Vi avsluttar kvar dag klokka 15.00, og då er det viktig at du blir henta eller at vi får beskjed om at du skal gå heim åleine slik at vi er heilt sikre på at du kjem deg trygt heim og har det bra.

Vi håper på sol og masse aktivitet, og det er viktig at alle kjem mette etter frukost og er smurt med solkrem. Vi skal vere ute uansett vær. Så skulle det bli regn er det viktig å ha med regnkle. (Skulle været bli slik at det er uråd å holde til ute vil vi flytte inn i Ulsteinhallen).

Karstenløpet tirsdag

Tirsdag ettermiddag/kveld arrangerer Dimna IL Karstenløpet i sentrum. Dette er eit gateløp som vil foregå på Vikholmen. Det blir premiar og helsing frå Karsten Warholm til alle. Dei som er med på idrettsleikane kan få dra rett frå Høddvoll og ned der løpet skal vere. Vi organiserer busstransport litt etter kl 15 på tirsdagen. Då kan foreldra møte borna på Vikholmen før eller etter løpet. Våre leiarar blir med på bussen og hjelper ungene under løpet.

Dei som vil bli med på denne transporten må gi beskjed ved ankomst tirsdag.

Turdag onsdag

Onsdag er det lagt opp til turdag. Meir info om turdagen vert sendt ut seinare.

Matpakke

Alle må ta med matpakke. Alle vil få drikke og masse frukt.

Programmet for veka vil du få på mandag. Vi vil også legge ut informasjon på vår nettside www.dimna.no

Hugseliste:

- Treningstøy og joggesko

- Matpakke

- Drikkeflaske

- Skift

- Regnkle

Koronasituasjonen:

På grunn av den spesielle situasjonen vert det også i år tatt ekstra hensyn med tanke på smittevern. Vi ber om at ungar som er sjuke held seg heime slik at ein ikkje risikerer å smitte nokon. Vi vil i tillegg ha god tilgang til antibac og handvask og følge dei gjeldande smittevernsreglane. Det vert ikkje tillatt å bytte gruppe då ungane skal blandast minst mogeleg. 

Dersom du eller nokon av dei vaksne lurer på noko er det kjekt om dokke ringjer oss!

Kontakt:

Kornelia Roppen, tlf. 95306947

Arve Hatløy, tlf. 41476148

Vi sjåast på Høddvoll!

Med vennlig helsing

DIMNA IL, Friidrett

knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg

kongsberg_gruppen_logo.png

   

tussa150.gif

 

coopmega.jpg
logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
original-nm-2022.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS