KM innandørs i Sykkylven

19. og 20. februar skal Dimna IL arrangere KM innandørs i Storhallen i Sykkylven. Stemnet har ei rekke øvingar og startar laurdag ettermiddag. Dei fleste øvingane går laurdag, men nokre øvingar vert også arrangert søndag. Bl.a. hekk og 800 m. Søndag startar stemnet kl. 10.00 og er forventa å bli ferdig omlag kl. 13.

Funksjonærar
Vi har behov for ein god del hjelp for å gjennomføre dette arrangementet. Vi håper derfor at flest mogeleg melder seg som funksjonærar. Kan du stille ein eller begge dagane hadde det vore fint om du kunne sende ei e-post til:  post@dimna.no

eller ein SMS til 41476148.

Påmelding
Alle utøvarane frå Dimna IL som skal delta må melde seg på til ein av trenarane seinast tirsdag 15. februar. For utøvarar frå andre klubbar viser vi til innbydinga i vedlegget. Her står det korleis desse kan melde seg på.

Funksjonærar frå andre klubbar
Det er ein stor jobb å arrangere KM. Spesielt når vi må reise med alt utstyret og folk frå Ulsteinvik til Sykkylven. Vi utfordrer derfor dei andre klubbane på Sunnmøre om å hjelpe oss. Det hadde vore fint om klubbane kunne tatt på seg å arrangere ein eller fleire øvingar. Kan din klubb stille med ein eller fleire funksjonærar hadde det vore fint om du tok kontakt med Arve Hatløy på tlf. 41476148 eller e-post til: post@dimna.no

 

innbyding_km_innendors_2011_.docx
|
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS