Dimna IL er eit idrettslag i Ulstein Kommune på Sunnmøre. Vår hovudbase er i Dimna som er ca. 10 km frå Ulsteinvik sentrum. Idrettslaget vart stifta 3. desember 1974 er eit særidrettslag som har Friidrett som sin idrett.
Dimna er ei liten krins, men laget har aktive utøvarar frå heile kommuna samt nokre utøvarar frå nabokommunane.
Dei fleste treningane har vi no i sommarhalvåret på Høddvoll Stadion i Ulsteinvik.
Vinteren 2015 opna vår friidrettshall - Ulsteinhallen. Her har vi mykje av aktiviteten på hausten og vinteren samt i andre periodar med dårlig vær.
Litt aktivitet har vi også i Dimna der vi har gymsal, eige styrkerom og mykje fint terreng å trene i.
Vil du bli medlem?
Alle som vil kan bli medlem av Dimna IL. Det du må gjere er å betale inn medlemskontigent til Dimna IL sin konto 4137 65 16278. Medlemskontigenten er:
Kr. 200,- pr. person eller kr. 400,- for heile familien. Innbetalinga må merkast med namn, adresse og fødselsdato på den som vil bli medlem.
Litt om historia til laget
Dimna IL vart stifta i 1974. Initiativtakeren til å stifte laget var Sigmund Dimmen. Hovudgrunnen til å stifte eit idrettslag i Dimna var å gi ungdommen i bygda eit fritidstilbod. Lagidrettar var vi for små til, og friidrett vart derfor idrettsgreina som vart valt. Første leiaren i laget var Leif P. Dimmen. I mars 1975 vart det starta opp med friidrettstrening, og alt same våren hadde Dimna IL utøvarar på dei første friidrettstemna.