Siste del av kretscupen på Straumsnes denne helga
Denne helga blir siste del av kretscupen arrangert på Straumsnes Stadion på Nordmøre. Denne gangen har vi hatt problem å mobilisere eit fullt p.g.a. bl.a. skader, sjukdom og nokre utøvarar måtte jobbe denne helga. Vi klarar derfor ikkje å forsvare ledelsen i lagkampen. Men individulet har vi fleire utøvarar i teten.
Martin Haddal Sæther kom på 2. plass på 200 m laurdag med ny personleg rekord på 23,94 sek. Martin leder også sprintcupen og ligger godt ann til å vinne denne.
Renate Grimstad er sjuk og må stå over løpsøvingane denne helga. Men ho hoppa litt høgde laurdag. Her tok ho seieren med 1,55 m. Ho avslutta hoppinga når seieren var sikra med 1,55. Renate leder hopp-cupen føre Heidi C. Å. Nerland frå Eide. Søndag er det lengde på programmet. Her er normal Heidi best. Det er også usikkert om Rente er i form til å hoppe søndag.
I dei lange løpa tok Ådne Andersen frå Hareid IL seieren på 1500 m laurdag. Han ligger også godt ann til samanlagtseieren etter at 800 meteren søndag.
Resten av resultata laurdag kan du sjå i resultatlista som ligg ved.