Tre vandrepokaler med heim frå Vågstranda

Vinnarlaga med vandrepokalane. Fremst jentelaget, i midten damelaget mens gutelaget er plassert lengst bak.
Vinnarlaga med vandrepokalane. Fremst jentelaget, i midten damelaget mens gutelaget er plassert lengst bak.

1. mai har fleire tradisjonar. Ein av dei er stafetten Vågen Rundt i Vågstranda. Dimna IL deltok med tre lag i tre ulike klasser. Alle gjekk til topps og kunne ta med seg vandrepokalen heim.

Gutelaget med ein snittalder på 15 år tok ein suveren seier og tok sitt 3. napp i vandrepokalen. Jentelaget (J15) var like suverene i sin klasse og tok også sitt 3. napp i vandrepokalen.

Damelaget var det heller ingen som kunne ta opp konkurransen med. Dei som var nærast var vårt eige jentelag i 15 års klassa. Damelaget tok sitt 2. napp i pokalen og kan då neste år ta pokalen til odel og eige.

Det var også i år god deltaking i denne tradjsonsrke stafetten som vart arrangert for 51. gang. Denne gangen var det ikkje strålande sol under stafetten som samla 25 lag frå Sunnmøre og Romsdal. Men til tross for regn var det ingen ting å seie på innsatsen.

Gutelaget løp saman med herrelaga. Dei fekk god matching mot seniorane.

I jenteklassen var det ingen som kunne henge med vårt jentelag. Men dei løp saman med damelaget. Her blei det ein hard kamp mellom jentelaget og damelaget vårt. Dei kjempa side om side gjennom heile stafetten. Til slitt var som venta damelaget litt føre jentelaget i mål.

Heile resultatlista kan du sjå her

Dimna IL sine lag hadde denne lagoppstillinga:

Jentelaget

Marie Teige Grov

Kornelia Roppen

Sarah Moldskred

Eva Ulstein

Sofie Nesset Auberg

Birte Skeide Sætre

 

Damelaget

Johanne Rise Kvalen

Karete Nesset

Malene Berg

Lill-Joelle Miltz

Anna Kleven

Jakoba Solvang

 

Gutelaget

Mats Fredriksen

Gabriel Overvåg

Kent Breivik

Sondre Espelid

Jonas Andre Ose

Kristoffer Hagen Skoge

sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS