Dimna IL arrangerer motbakkeløp

Trimgruppa i Dimna IL vil laudag 5. juli arrangere motbakkeløp. Løpet som har fått namnet "Høgåsen opp" vil gå frå Dimna Grendahus via Svarane og opp på Høgåsen. Start kl. 14.00. Påmelding frå kl. 13.00.

Løpet er åpent for alle og har 4 klasser.
- Konkurranseklasse for menn (Frå og med 15 år)
- Konkurranseklasse for kvinner (Frå og med 15 år)
- Mosjon  (åpen for alle)
- Gutar og jenter til og med 14 år

Løypa for konkurranseklassa går til Høgåsen via Svarane, mens løypa for mosjonsklassa og gute og jenteklassa går frå grendahuset til Svarane.

I gute og jenteklassene vert det medaljar til alle. Men det blir premiar til dei 3 beste i konkurranseklassene. Det vil også bli trekt ut nokre premiar til nokre av mosjonistane.

Vi er sjølvsagt spente på om det er interesse for eit slikt tiltak i vår region. Slike løp har hatt stor suksess andre stadar.

Det har vore mykje regn i  det siste, så det kan nok vere litt vått i fjellet på enkelte deler av løypa. Trimnemnda vil forsøke å rydde råsa til Høgåsen noko før helga, og gjere løypa så bra som mulig.

Eit løp for heile familien
Dette er eit mosjonsløp for heile familien. Både for den spreke som vil springe til topps, og for dei som vil ha seg ein fin fjelltur til Svarane eller Høgåsen.

Startkontigenten for å delta er kr. 50,- pr. person (barn kr. 25,-), eller kr. 100,- pr. familie.

Premieutdelinga blir på Grendahuset etter løpet.

Vedlagt kan du sjå eit kart over kvar løypa vil gå.

 

Kart_Hogaasen_opp.pdf
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

nm2021_original.png
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS