Rekorddeltaking i Romjulsmarsjen

Nokre av deltakarane i Romjulsmarsjen: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå, Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde.
Med 240 deltakarar blei det rekorddeltaking i den tradisjonsrike Romjulsmarsjen rundt Dimnøya 2. juledag. I det fine været var det mange av dei yngste som hadde leita fram sykkelen til denne trimturen rundt øya. Alle under 12 år fekk medaljar (men med deltaking langt over det forventa blei det desverre ikkje nok medaljar til alle).
Trimnemnda som hadde drikkestasjonar, ein på Kjærringneset og ein på Dimnaskulen. Trimnemnda er også svært nøgd med at så mange nytta denne dagen til trim og sosialt samvær.
Kari og John Kleven på veg opp til drikkestasjonen på grendahuset.
Arve Dimmen, Hildegunn Utgård, Ingvald Dimmen, Lars Breivik