Viktig melding frå Trimnemnda - Fjelltrimmen for 2010 er klar!!

Trimnemnda melder at det no er klart for årets FJelltrim på Dimnøya. 16 postar er plassert rundt omkring på Dimnøya. Postane står oppe frå 9. mai til 1. november. Postane er som i fjor samla i grupper på dei ulike turane, slik at ein kan sanke mange postar på ein tur. Kart og informasjon får du kjøpt på Intersport Straumane for kr. 100,-. Søndag 9. mai er det familietur til Høgåsen, og her har du sjansen til å få kjøpe kart og kome i gong.
For 10 postar kan ein innbringe ein flott statuett, som kan hentast på Intersport, Straumane.
For dei som vil ha litt ekstra hjelp kan sjå under Trim i menyen til venstre. Her vil det etter kvart kome bilde av alle postane.