Friidrettens dag i Ulsteinhallen

Søndag 4. februar arrangerer Dimna IL Thon Hotel Friidrettens dag i Ulsteinhallen.  Det er eit ope arrangement for alle born mellom 0-12 år. Vi gler oss til å fylle hallen med born og vaksne frå heile regionen. Her kan de finne den praktiske informasjonen til arrangementet.

Det er første gongen Dimna IL arrangerer ein aktivitetsdag. Vi ynskjer å vise fram kor kjekt det er å drive med friidrett. Friidrett er for alle og på søndag kan alle born få lov til å prøve seg. 

Det er mogleg å melde seg på frå kl 11.30 på staden. Det vert offisiell start frå kl 12 med felles oppvarming og helsing frå ordføraren.

Forutan å teste ut ulike friidrettsøvingar, vil det vere mogleg å slå seg laus på diskorommet eller hoppe i hoppeslottet. Kiosken er open for dei som vert svoltne, og det er mogleg å prøve vinnarlykka på tombolaen. Vi vil også trekke vinnarar blant dei startande. Her har ein oglegheit å vinne familiebillettar til Ulsteinbadet.

Mange har sikkert sett Mesternes Mester - og vi vil også ha både hinderløype og andre øvingar herifrå.

 
Forrige
Forrige

ÅRSMØTE

Neste
Neste

Resultatservice KM innandørs laurdag 13. januar