Høgåsen opp og Dimnadagen søndag 12. sept.

Søndag 12. september inviterer Økonominemda og Trimnemda til Dimnadag og Høgåsen opp.

Vi startar med tur/mosjonsklasse til Svarane kl 12.00, og konkurranseklasse til Høgåsen kl 12.30. Det blir premie til alle barn, og i mosjonsklassa vert det trekt ut flotte gåvekort. Vi har også svære premiar til vinnarane i konkurranseklassa.

Dimnadagen startar kl 14.00 med matsal, loddsal og aktivitetar for store og små:)

VEL MØTT TIL EIN SOSIAL OG AKTIV DAG:)

trimnytt_dimnadagen_2010[1].doc
|

Viktig melding frå Trimnemnda - Fjelltrimmen for 2010 er klar!!

post_8_2008.jpg

Trimnemnda melder at det no er klart for årets FJelltrim på Dimnøya.  16 postar er plassert rundt omkring på Dimnøya. Postane står oppe frå 9. mai til 1. november. Postane er som i fjor samla i grupper på  dei ulike turane, slik at ein kan sanke mange postar på ein tur.  Kart og informasjon får du kjøpt på Intersport Straumane for kr. 100,-. Søndag 9. mai er det familietur til Høgåsen, og her har du sjansen til å få kjøpe kart og kome i gong.

For 10 postar kan ein innbringe ein flott statuett, som kan hentast på Intersport, Straumane.

For dei som vil ha litt ekstra hjelp kan sjå under Trim i menyen til venstre. Her vil det etter kvart kome bilde av alle postane.

|

Trimnemda sine aktivitetar for 2010!

 

Fjelltrim              mai-oktober

Idrettsmerke      11. mai-kl 20 på Høddvoll

                            19.mai -kl 20 på Dimna

                            01.juni-kl 20 på Høddvoll 

Familieturar        9.mai til Høgåsen

                            26.mai- kveldstur til Dimnaneset- avlyst

Høgåsen opp       12.september

Dimnadagen        12. september

Romjulsmars       26. desember

Skidag                 vinter 2011

 

 

Romjulsmarsjen 2. juledag

nissemarsjen.jpg

Tradisjonen tru arrangerer Dimna IL Romjulsmarsj rundt Dimnøya 2. juledag.

Det blir registrering på Dimna Grendahus mellom kl. 12 og 13.
Deltakaravgift:  kr. 20,- (familie kr. 50,-)
Medalje:  kr. 30,-

Trimnemnda melder at dei har to drikkestasjonar underveis

Trimnytt - nytt frå Trimnemnda

idrettsmerke.jpg

Oppdatert 25.08.09
Trimnemnda er i gang med haustaktivitetane. I vedlegget finner du full oversikt. 

Idrettsmerkeprøve i Dimna
Tirsdag 25. august kl. 19.00
Torsdag 3. september og torsdag 17. september kl. 19.00
Idrettsmerke er for alle frå 16 år og oppover. Krava kan du sjå i handboka som ligg ved denne artikkelen.

Høgåsen opp blir laurdag 5. september kl. 12.00
Same dagen er det klart for Dimnadagen på Grendahuset

Turorienteringspostane ligg framlies ute. Kart kan du kjøpe på Intersport Straumane.

Handbok_for_idrettsmerket.pdf
TRIMNYTT_DIMNADAGEN[1].doc
TRIMNYTT_OPPSUMMERING.doc

Nytt frå Trimnemnda

Rekorddeltaking i Romjulsmarsjen

Nokre av deltakarane i Romjulsmarsjen: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå, Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde.

Nokre av deltakarane i Romjulsmarsjen: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå, Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde.

Med 240 deltakarar blei det rekorddeltaking i den tradisjonsrike Romjulsmarsjen rundt Dimnøya 2. juledag. I det fine været var det mange av dei yngste som hadde leita fram sykkelen til denne trimturen rundt øya. Alle under 12 år fekk medaljar (men med deltaking langt over det forventa blei det desverre ikkje nok medaljar til alle).

 

Idrettsmerkeprøve

Trimnemnda vil arrangere idrettsmerkeprøve to kveldar no i mai.

15. mai kl. 20.00 på Dimna Grendahus og
29. mai kl. 20.00 på Høddvoll

Vi vil oppfordre gamle og nye idrettsmerketakara å starte på årets idrettsmerke ein av desse kveldane.

Dersom du vil lese meir om idrettsmerke. Kva det går ut på. Krav i dei ulike øvingane for ulike aldersgrupper kan du lese meir i handboka for idrettsmerke her:

Handbok_for_idrettsmerket.pdf
Plakat_idrettsmerkeprove.pdf

Aktivitetar i 2008

Trimnemnda har planlagt fleire aktivitetar i 2008. Her er ei oversikt:

15. mai                  Idrettsmerkeprøve            
29.  mai                 Idrettsmerkeprøve                            

8. juni                     Familietur til Dimnaneset

5. juli                      Høgåsen rett opp               

31. august             Dimnadagen                        
4. september         Idrettsmerkeprøve            

7. september         Voksentur til Blåtinden     

18. september       Idrettsmerkeprøve

26. desember        Romjulsmarsjen  

Fjelltrim:                2. mai til 24. august

 

 

Høgåsen rett opp frå skulen -  Nytt tiltak i regi av trimnemnda

Trimnemnda vil å år prøve seg på eit nytt trimtiltak som har fått namnet ”Høgåsen rett opp frå skulen”. Dette blir eit konkurranse/ trimløp for alle. Starten blir på Dimna Grendahus. Her blir det klasse med både tidtaking og for mosjonistar utan tidtaking. Flotte premiar som er sponsa av Intersport Straumane blir det også mogeleg å vinne.

Fjelltrim - Turorientering
Denne er no i gang. Sjå meir info under Turorientering i menyen til venstre.

nm_2017_-_logo_-_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
logo_jets_liten.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
spbm_logo_farge.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
rent_idrettslag.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS