Funksjonærer til Dimnaleikane 26. og 27. mai

26. og 27. mai skal Dimna IL arrangere Dimnaleikane på Høddvoll Stadion. For å få til eit godt stemne har vi behov for mange funksjonærarer.  Vi håper derfor at dei aller fleste av foreldra har høve til å stille opp denne helga. Vi har behov for funksjonærar til mange ulike oppgåver. Vi har oppgåver som passar for alle. Også dei som ikkje har vore med på dette tidlegare. Vi har oppgåver som kiosksal, måling av lengdehopp, spydkast, kule. Raking i hoppegropa, tidtaking, registrering av resultat på PC. Dommarar i dei ulike øvingane må vi også ha.

Vi ber derfor om tilbakemelding frå ALLE. Også dei som ev. ikkje kan stille vil vi gjerne ha tilbakemelding frå. Tilbakemelding kan du sende til vår e-post adresse: post@dimna.no. Det er manga som ikkje har gitt tilbakemelding. Er du ein av dei - håper vi at du kan gjere det i dag.

Påmelding til Dimnaleikane 26. og 27. mai

Online påmeldinga til Dimnaleikane den 26. og 27. mai er no klar. Via Sporsadmin eller min idrett kan du no melde deg på. Utøvarar frå Dimna IL melder seg på til trenarane på vanleg måte. I innbydinga under kan du sjå kva øvingar som arrangert dei ulike dagane. Siste frist for påmelding er 21. mai.

1. 2. og 3. plass i Ørstastafetten

Klikk på bildet så kjem du til fleire bilder frå stafetten

Herrelaget som tok 1. plassen i herreklassaDeler av jentelaget som tok 3. plassenHerrelaget som tok 2.  plassen i herreklassa

Laurdag gjekk årets utgåve av Ørstastafetten av stabelen på Ørsta Stadion. Dimna IL stillte lag i jenteklassa og herreklassa denne gangen. I herreklassa stillte vi med to lag. Det var også dei einaste deltakararne i denne klassa. I jenteklassa stillte vi med heile 3 lag. Her blei det 3. 7. og 8. plass til Dimna sine lag.  Ørstastafetten vert arrangert som 1000 m stafet. Det vil seie 4 etappar på 100 m, 200 m, 300 m og 400 m til slutt.

Piggsko til sals

Dei er str 38,5 – men heller små i størrelsen. Dei er blitt brukt ein vår sesong og er heilt fine. Sjå bilder (klikk på bildet så kan du sjå ei større bilde).  Pris kr 400,-

Kontakt:  Anne Gro Hallingstad  -  Mob 93234564

Tre 1. plassar i Hadarstafetten - Damelaget tok vandrepokelen til oden og eige

Klikk på bildet så kjem du til bildegalleriet frå Hadarstafetten

DamelagetVinnarlaget i open klasseMarit Eiken FosseCamilla NessetAndreas LillerovdeFrå starten i seniorklassaFrå starten i guteklassaGutelaget inn mot mål

Dimna IL tok tre 1. plassar i Hadarstafetten som blei arrangert i snøvær på Hareid laurdag. Dimna IL gjekk til topps i dameklassa, herreklassa og i open klasse. I dameklassa var dette var dette 6. seieren på rad til Dimna IL og vandrepokalen til odel og eige for 2. gang.

| Mer

Åheim: 1. mai løpet arrangert på tradisjonelt vis

Klikk på bildet så kjem du til bildearkivet med mange bilder frå 1. mai løpet

| Mer

1

Stemner 2011:

(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS