Tidsskjema for KM i Molde

Denne helga er det klart for KM i Molde. Under kan du sjå tidsskjemaet. Startliste finer du på kretsen si heimeside her.

tidsskjema_laurdag_km_2011.xls
tidsskjema_sondag_km_2011.xls

Sparebanken Møre støttar elitegruppa

.jpg

Under Dimnaleikane blei elitegruppa til Dimna IL tildelt kr. 75.000,- frå Sparebanken Møre. Midlane skal nyttast til å gi dei beste utøvarane i Dimna IL eit enda betre konkurranse og treningstilbud.

Det var under siste årsmøte i Dimna IL det blei vedtatt å etablere ei elitegruppe der målet er å gi dei beste utøvarane muligheita til å fortsette i Dimna IL. Vi skal kunne gi eit sportsleg og økonomisk tilbud som fullt ut er på høgde med dei store klubbane i t.d. Oslo og Bergen.

Nokre av våre største sponsorar har derfor bidratt med ekstra sponsormidlar før at vi skal få til dette.

|

Karsten Warholm har i løpet av den siste veka fått tildelt to ulike stipend. Sist torsdag fekk han tildelt Tussa sitt talentstipend på kr. 10.000,-. Under Dimnaleikane fekk han tildelt Gnist stipend frå Sparebanken Møre på kr. 10.000,-. Vi gratulerer Karsten. (klikk på bildet over så kan du sjå fleire bilder frå utdelinga).

Dobbelt stipend til Karsten Warholm

Bilder frå Dimnaleikane

100 m jenter 17 og jenter 18/19
100 m jenter 17 og jenter 18/19

Vår fotogram Jens Inge Ringstad var i aksjon med kameraet sitt under heile helga. Han har no klar over 400 bilder. Klikk her så kjem du til hans bildearkiv og kan gjenoppleve det meste av det som skjedde i løpet av helga

|

Sol over Dimnaleikane søndag

Været var langt betre for friidrett på Høddvoll søndag. 17-18 grader og sol gjorde at vi fekk mange fine resultat også søndag. Desverre var vinden til tider litt for sterk til at tidene kan godkjennast som rekordar søndag. Men fleire fekk vist at dei er på rett veg og det kan bli mange gode personlege rekordar utover i sesongen.

|

Resultatliste Dimnaleikane søndag

resultatliste_laurdag_dimnaleikane_2011.pdf
resultatliste_laurdag_dimnaleikane_2011.rtf
resultatliste_sondag_dimnaleikane_2011.pdf
resultatliste_sondag_dimnaleikane_2011.rtf

Mange gode resultat under første dag av Dimnaleikane

Karsten Warholm fekk utdelt Gnist stipend frå Sparebanken Møre. Her er Karsten forran deler av Dimna IL si tropp som er på heile 93 utøvarar i årets utgåve av Dimnaleikane.
Karsten Warholm fekk utdelt Gnist stipend frå Sparebanken Møre. Her er Karsten forran deler av Dimna IL si tropp som er på heile 93 utøvarar i årets utgåve av Dimnaleikane.

Det blei til tross for litt kalt vær og regn mange gode resultat under 1. dag av Dimnaleikane. Renate Grimstad tangerte kretsrekorden for senior på 100 m hekk med tida 14,85. Berre ein hundredel bak Renate kom Marthe Mjøen Berg som også sette ein solid personleg rekord med tida 14,86 (1004 tyrvingpoeng).

resultatliste_dl_laurdag.pdf
|

Funksjonærliste og nye startlister Dimnaleikane

Her er den foreløbige funksjonærliste for Dimnaleikane. Det kan nok hende vi kjem til å flytte litt rundt på folka når tidsskjemaet er klart seinare i kveld. Endeleg liste vil du sjå på oppslag på Høddvoll laurdag. Oppmøte for dei som ikkje har fått anna beskjed er kl. 11.00.

Her er også oppdaterte startlister og klubbliste pr. 20.05 kl. 12.00. Send oss tilbakemelding på SMS 41476148 om du finner feil.

funksjonaerliste_dimnaleikane_2011.doc
klubblister_pr_200511.pdf
startliste_dl_2011_pr_200511.pdf
tidsskjema_laurdag_dimnaleikane_2011.xls
tidsskjema_sondag_dimnaleikane_2011.xls

Solid hekkeløp av Renate på Bislett

Renate Grimstad og Henrik Overvåg etter endt dyst på Bislett
Renate Grimstad og Henrik Overvåg etter endt dyst på Bislett

Renate Grimstad deltok torsdag kveld på elitestemnet Adidas opening games på Bislett Stadion. Renate løp 100 m hekk på tida 15,10 i kraftig motvind. Det er berre ein tidel bak hennar personlege rekord. Det var med andre ord ei solid sesongåpning og persen på 15,00 vil nok bli forbetra når ho slipper motvinden.

Henrik Overvåg deltok også i stemnet. Han løp den litt utradisjonelle distansen 150 m. Han fekk tida 17,02 som holdt til ein 4. plass i B-heatet. Også Henrik fekk kraftig motvind i sitt løp.

Forhånd.1...127128129130131132133...145Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS