| |
| | |
Høgåsen opp og Dimnadagen søndag 12. sept. Søndag 12. september inviterer Økonominemda og Trimnemda til Dimnadag og Høgåsen opp.
Vi startar med tur/mosjonsklasse til Svarane kl 12.00, og konkurranseklasse til Høgåsen kl 12.30. Det blir premie til alle barn, og i mosjonsklassa vert det trekt ut flotte gåvekort. Vi har også svære premiar til vinnarane i konkurranseklassa.
Dimnadagen startar kl 14.00 med matsal, loddsal og aktivitetar for store og små:)
VEL MØTT TIL EIN SOSIAL OG AKTIV DAG:) Viktig melding frå Trimnemnda - Fjelltrimmen for 2010 er klar!!
Trimnemnda melder at det no er klart for årets FJelltrim på Dimnøya. 16 postar er plassert rundt omkring på Dimnøya. Postane står oppe frå 9. mai til 1. november. Postane er som i fjor samla i grupper på dei ulike turane, slik at ein kan sanke mange postar på ein tur. Kart og informasjon får du kjøpt på Intersport Straumane for kr. 100,-. Søndag 9. mai er det familietur til Høgåsen, og her har du sjansen til å få kjøpe kart og kome i gong.
For 10 postar kan ein innbringe ein flott statuett, som kan hentast på Intersport, Straumane.
For dei som vil ha litt ekstra hjelp kan sjå under Trim i menyen til venstre. Her vil det etter kvart kome bilde av alle postane.
Trimnemda sine aktivitetar for 2010!
Fjelltrim mai-oktober
Idrettsmerke 11. mai-kl 20 på Høddvoll
19.mai -kl 20 på Dimna
01.juni-kl 20 på Høddvoll
Familieturar 9.mai til Høgåsen
26.mai- kveldstur til Dimnaneset- avlyst
Høgåsen opp 12.september
Dimnadagen 12. september
Romjulsmars 26. desember
Skidag vinter 2011
Romjulsmarsjen 2. juledag
Tradisjonen tru arrangerer Dimna IL Romjulsmarsj rundt Dimnøya 2. juledag.
Det blir registrering på Dimna Grendahus mellom kl. 12 og 13. Deltakaravgift: kr. 20,- (familie kr. 50,-) Medalje: kr. 30,-
Trimnemnda melder at dei har to drikkestasjonar underveis
Trimnytt - nytt frå Trimnemnda
Oppdatert 25.08.09 Trimnemnda er i gang med haustaktivitetane. I vedlegget finner du full oversikt.
Idrettsmerkeprøve i Dimna Tirsdag 25. august kl. 19.00 Torsdag 3. september og torsdag 17. september kl. 19.00 Idrettsmerke er for alle frå 16 år og oppover. Krava kan du sjå i handboka som ligg ved denne artikkelen.
Høgåsen opp blir laurdag 5. september kl. 12.00 Same dagen er det klart for Dimnadagen på Grendahuset
Turorienteringspostane ligg framlies ute. Kart kan du kjøpe på Intersport Straumane.
Nokre av deltakarane i Romjulsmarsjen: Ove Dimmen med tvillingane; Anna og Louise, Bjørn Gjerde, Leif-Arne og Beate Mork, Lisbeth Overå, Sølvi Gjerde, Eldar Overå, Framme: Iver Mork, Malin, Sander og Henriette Gjerde.
Med 240 deltakarar blei det rekorddeltaking i den tradisjonsrike Romjulsmarsjen rundt Dimnøya 2. juledag. I det fine været var det mange av dei yngste som hadde leita fram sykkelen til denne trimturen rundt øya. Alle under 12 år fekk medaljar (men med deltaking langt over det forventa blei det desverre ikkje nok medaljar til alle).
Idrettsmerkeprøve
Trimnemnda vil arrangere idrettsmerkeprøve to kveldar no i mai.
15. mai kl. 20.00 på Dimna Grendahus og 29. mai kl. 20.00 på Høddvoll
Vi vil oppfordre gamle og nye idrettsmerketakara å starte på årets idrettsmerke ein av desse kveldane.
Dersom du vil lese meir om idrettsmerke. Kva det går ut på. Krav i dei ulike øvingane for ulike aldersgrupper kan du lese meir i handboka for idrettsmerke her:
Aktivitetar i 2008
Trimnemnda har planlagt fleire aktivitetar i 2008. Her er ei oversikt:
15. mai Idrettsmerkeprøve 29. mai Idrettsmerkeprøve
8. juni Familietur til Dimnaneset
5. juli Høgåsen rett opp
31. august Dimnadagen 4. september Idrettsmerkeprøve
7. september Voksentur til Blåtinden
18. september Idrettsmerkeprøve
26. desember Romjulsmarsjen
Fjelltrim: 2. mai til 24. august
Høgåsen rett opp frå skulen - Nytt tiltak i regi av trimnemnda
Trimnemnda vil å år prøve seg på eit nytt trimtiltak som har fått namnet ”Høgåsen rett opp frå skulen”. Dette blir eit konkurranse/ trimløp for alle. Starten blir på Dimna Grendahus. Her blir det klasse med både tidtaking og for mosjonistar utan tidtaking. Flotte premiar som er sponsa av Intersport Straumane blir det også mogeleg å vinne.
Fjelltrim - Turorientering Denne er no i gang. Sjå meir info under Turorientering i menyen til venstre.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |