Suveren seier til gutelaget i Ørstastafetten

Laurdag 30. april vart Ørstastafetten arrangert på Ørsta stadion. Til tross for konfirmasjon klarte vi å stille med nokre lag. Gutelaget med Gustav Dimmen, Iver Saunes Moldskred, Tobias Skavnes Våge og Nicolas Roppen Masters tok ein klar seier i guteklassa. Dei løp 1000 m stafett på 2.35,76 og var heile 12 sekund føre nummer 2 som blei Ørsta IL.

Endeleg kom sola og varmen

Karane viser "muskler"
Karane viser "muskler"

Søndag  blei det ein strålande dag i Portugal. Sol og varme og to gode treningsøkter kan vi rapporterer heim om. I tillegg fekk dei fleste også nokre timer på stranda. Ein del røde kinn og solbrende skuldrer kunne vi observere under middagen på kvelden. Værprognosene tyder på at vi no skal få fint vær i resten av opphaldet. Du kan sjå litt meir av kva som har hendt i bildearkivet som er oppdatert med nye bilder i dag.

Treningsleir i sol og regn

Når vi skulle gå heim frå dagens trening kom det ei KRAFTIG regnbyge. Nokre av jentene tok dusjen under ei takrenne på veg heim frå stadion.
Når vi skulle gå heim frå dagens trening kom det ei KRAFTIG regnbyge. Nokre av jentene tok dusjen under ei takrenne på veg heim frå stadion.

Flotte treningsforhold med litt varierande vær kan vi oppsummerre dei første dagane av treningsleiren med. Det har stort sett fore godt treningsvær til tross for at det har vore nokre kraftige regnbyger innimellom. I dag fredag har dei fleste hatt to gode og harde treningsøkter. Laurdag skal vi ha fridag der shopping står på programmet første del av dagen. Siste del av dagen går nok med til å slikke sol.

|

Treningsleiren i Portugal i gang

Då er vi godt i gang med treningsleiren i Portugal. Etter ei lang reise og nokre timar med søvn var det klart før dei to første treningane onsdag. Desse vart gjennomført under flotte forhold på treningsanlegget i Albufeira. Her er flotte treningsforhold så alt ligger til rette for at vi skal få nokre fine dagar med mykje god trening. Mellom øktene fekk vi utforska området litt. Badevatnet blei det også tid til å teste litt.
Vi kjem tilbake med ein fyldigare rapport ein av dei første dagane. Då med enda fleire bilder.

Bilder frå treningsleiren i Portugal

Klikk på bildet så kan du sjå nokre fleire bilder. Enda fleire bilder kjem i dagane framover. Nye bilder er lagt til 28.04.11

|

Treningsleir til Portugal

Denne påska reiser ein del av dei eldste utøvarane til Portugal på treningsleir. Turen går til Albufeira som ligger sør i Portugal. Avreise er tirsdag 19. april. Dei fleiste blir der til fredag 29. april. Nokre tar ein litt kortare tur og reiser heim den 26. april.

|

Funksjonærar til Dimnaleikane 2011

21. og 22. mai skal Dimna IL arrangere Dimnaleikane på Høddvoll Stadion. For å få til eit godt stemne har vi behov for mange funksjonærarer.  Vi håper derfor at dei aller fleste av foreldra har høve til å stille opp denne helga. Vi har behov for funksjonærar til mange ulike oppgåver. Vi har oppgåver som passar for alle. Også dei som ikkje har vore med på dette tidlegare.
Vi har oppgåver som kiosksal, måling av lengdehopp, spydkast, kule. Raking i hoppegropa, tidtaking, registrering av resultat på PC. Dommarar i dei ulike øvingane må vi også ha.

Vi ber derfor om tilbakemelding frå ALLE. Også dei som ev. ikkje kan vil vi gjerne ha tilbakemelding frå. Tilbakemelding kan du sende til vår e-post adresse: post@dimna.no.

Innbyding til Dimnaleikane 21. og 22. mai

Her er innbydinga til Dimnaleikane som vert arrangert på Høddvoll stadion 21. og 22. mai. Utøvarane frå Dimna IL må melde seg på til trenarane i god til og helst innan 15. mai.

Utøvarar frå andre klubbar melder seg på via online påmelding. Klikk her for å kome til påmeldingsystemet.

 

innbyding_til_dimnaleikane_2011.doc

Dimna IL sine prestasjoner lagt merke til

Dimna IL vart denne veka invitert til formannskapet i Ulstein Kommune. Utøvarane som har tatt UM medaljer det siste året blei invitert til Pizza saman med formannskapet og rådmannen si leiargruppe. Her fekk vi presentert oss med bl.a. film frå UM innendørs. Formannskapet v/ordføraren inviterte oss tilbake om det var noko dei kunne gjere for oss seinare. Denne invitasjonen skal vi nok gjere oss nytte av.

Andre har også lagt merke til oss
Det er ikkje berre dei lokale politikarane som har lagt merke til kva vi har fått til.

I GD Gudbrandsdølen Dagningen den 15.04 er også Dimna IL trekt fram som eit lag som har markert seg til tross for at dei kjem frå ein liten plass. Klikk her så kan du sjå kva dei skriver.

Forhånd.1...129130131132133134135...145Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS