Husk påmelding til båtvasken

Kleven Verft
Kleven Verft

Vi minner alle om å huske påmelding til båtvasken 17. 18. og 19. januar på Kleven Verft.
Vennligst gi tilbakemelding til Gudbjørg:  Mobil nr. 915 91504 eller pr. mail til: gthordard@gmail.com

Husk å oppgi namn på dei/den som skal vaske samt ønska dag(ar).  Frist: 10. januar.

Klikk på les meir for meir informasjon om båtvasken.

|

Friidrettstrening 1-3 klasse

Treninga starter opp igjen tirsdag 11. januar kl 18.00-19.00 på Dimna Grendahus.

Det vart ei fantastisk ramme rundt Romjulsmarsjen, rundt Dimna i dag; 2juledag. Det var gnistrande 8 minusgrader og klarver. Dei nesten 200 deltakarane fekk ei flott vinteroppleving, der både barn og voksne kosa seg med trim og sosialt samver. Det er kjekt å sjå at Romjulsmarsen er ein viktig tradisjon for så mange; både frå øya og utanbygdes. I dag var forholda perfekte for spark, og det benytta mange seg av; store som små.

Romjulsmarsjen 2010

Klikk på bildet så kjem du til bildearkivet med fleire bilder

|
JULEBILDER2010.JPG


Vi ønskjer alle ei god jul og eit godt nyttår!

Romjulsmarsj/Nissemarsj 26. desember

medlalje2_nissemarsjen.jpg

Tradisjonen tru arrangerer Dimna IL Romjulsmarsj 2. juledag. Løypa er som vanleg rundt Dimnøya.

Registrering på Dimna Grendahus mellom kl. 12-13.
Deltakaravgift: kr. 20,-/familie kr. 50,-

Medaljar til sals for dei som ønsker det.
Undervegs blir der to drikkestasjonar.

|

Seier til Dimna IL i kretsserien for både kvinner og menn

Dimna IL vart i 2010 vinnar av kretsserien for både kvinner og menn. I kvinneklassa vart Eide IL nr. 2 mens Tingvoll FIK tok 2. plassen i herreklassa

I kretsserien skal laga har 12 obligatiriske NM øvingar og 12 valfrie øvingar.  Klikk på les meir så kan du sjå heile resultatlista.

|

Dimna IL sitt damelag berga plassen i 2. divisjon

Deler av damelaget som bidro sterkt til den gode plasseringa. Frå venstre Maria Ringstad, Jenny Stokkevåg Berg, Renate Grimstad og Elisabeth Grimstad.
Deler av damelaget som bidro sterkt til den gode plasseringa. Frå venstre Maria Ringstad, Jenny Stokkevåg Berg, Renate Grimstad og Elisabeth Grimstad.

Dimna IL sitt damelag rykte i fjor opp til 2. divisjon i lagserien. Denne divisjonen som er den nest øverste divisjonen har vore  rekordjevn dette året. Det har vore ein hard kamp om å berge plassen. Dette klarte vi og enda til slutt på ein sterk 8. plass av dei 14 laga i divisjonen.

serieresultat_dimna_il_2010.xls
|

Henrik tatt ut på Holta Invest sprintprosjekt 2011

Henrik tok gull på 100 m under UM i Molde tidlegare i år. Foto Jens Inge Ringstad
<p>Henrik tok gull på 100 m under UM i Molde tidlegare i år. Foto Jens Inge Ringstad</p>

Henrik Overvåg, Dimna IL er tatt ut på Friidrettsforbund sitt sprintprosjekt, Holta Invest Sprintprosjekt 2011.  Dette er eit sprintprosjekt som har gått nokre år med OL 2012 i London som hovudmål.

Målet med prosjektet er at utøvarane etter kvart skal kjempe om finaleplassar i internasjonale meisterskap.

|

Treninga for 10-13 års gruppa avlyst 14.12.2010

Friidrettstreninga i dag 14.12.2010  for gruppa 10-13 år vert desverre avlyst! Det vert ikkje fleire treningar i år.

God jul til alle, og velkommen på trening i Ulsteinhallen tirsdag 4. januar klokka 17.00

Hjertelig helsing
alle trenarane

Forhånd.1...131132133134135136137...141Neste
knapp-bli-medlem.png
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS