Treningstemne torsdag 30. september

Dimna IL arrangerer treningstemne på Høddvoll Stadion torsdag 30. september kl. 17.30.
Øvelser: 60 m, lengde, tresteg og kule
I tillegg blir det langhekk frå 13 år og eldre.
Påmelding via online påmelding eller til post@dimna.no innen torsdag 29. september.

Innbyding til Supermangekampen

Desse fullførte mangekampen i 2009

Desse fullførte mangekampen i 2009

Årets supermangekamp er utvida frå 26 til 30 øvingar og blir arrangert 15. til 17. oktober på Høddvoll og i Dimna.

Påmelding via online påmelding eller på e-post: post@dimna.no. Aldersgrensa for å delta er 13 år.

innbyding_til_supermangekampen_2010.doc
innbyding_til_supermangekampen_2010.pdf

Resultatliste Sparebanken Møre leikane

Greit med telt. Foto Jens Inge Ringstad.
<p>Greit med telt. Foto Jens Inge Ringstad.</p>

200 deltakarar og godt over 500 startar vart det i årets siste friidrettstemne på Høddvoll Stadion. Været varierte frå kraftig regn og sol. Mest uheldig med værer var rekruttane. Mens dei konkurrerte var det ei lang regnbyge på 2 timar. Når konkurranseklassene starta letta det opp og vart langt betre forhold med lange perioder med opphald.

Jens Inge Ringstad sine bilder kan du sjå her

resultatliste__sbm_leikane_2010.pdf
resultatliste__sbm_leikane_2010.rtf
|

Funksjonærliste Sparebanken Møre leikane

Her er ein ny versjon av funksjonærlista for stemnet søndag pr laurdag formiddag. Manglar namnet ditt på lista og du kan hjelpe til hadde det vore fint om du sende oss ei melding. Send til post@dimna.no eller SMS 41476148.

funksjonaerliste_sbm_leikane_2010.doc

Treningsamling i Portugal påsken 2011

Då er det bestemt at treningsamlinga i påska neste år går til Alfamar Beach & Resort, Albufeira i Portugal. Du kan lese meir om den planlagde samlinga og korleis du kan melde deg på HER. Sjå spesielt at der er begrenda med plasser så det kan lønne seg å vere tidleg ute.

Startlister og klubblister for Sparebanken Møre leikane

Her er 1. versjon av startlister og klubblister for Sparebanken Møre leikane til helga. Vi ber om at alle ser over desse og melder tilbake  om ev. feil. Send ev. feil til post@dimna.no Ev. etterpåmeldingar kan også sendast til denne adressa.
Nytt tidsskjema er lagt ut fredag kveld. Det er gjort endring på spyd gutar 10 og 11 år samt lengde gutar 12 år.

klubbliste_sbm_leikane_pr_16_09_10.pdf
startliste_sbm_leikane_pr_16_09_10.pdf
tidsskjema_sbm_leikane_2010.doc

ARVE VART ÅRETS DIMNING!

Vi gratulerer Arve med utmerkinga; "Årets Dimning"Sjå fleire bilder frå Dimnadagen i bildearkivet i menyen til venstre.

Vi gratulerer Arve med utmerkinga; "Årets Dimning"

Sjå fleire bilder frå Dimnadagen i bildearkivet i menyen til venstre.

Arve Hatløy vart kåra til årets dimning 2010!!

Mange hadde engasjert seg i stemming på "årets Dimning 2010". Arve stakk av med seieren, og det vel fortent. Alle som er engasjert i friidrettsmiljøet både i Dimna IL, i resten av kretsen, og no kansje også nasjonalt ( etter det vellukka UM-arrangementet), kjenner Arve som ein spesielt engasjert og kunnskapsrik ressurs på både ift treningsopplegg, oppfølging og planlegging/gjennomføring av stemner. For Dimna som bygd er friidretten svært samlande og ein viktig sosial arena.

TRIVELEG DIMNADAG

Riding på Åslin var populært på Dimnadagen

Riding på Åslin var populært på Dimnadagen

Dimnadagen og Høgåsen opp samla mellom 200 og 300 personar i det flotte haustveret. Det var folkeliv både ute og inne frå begynnelse til slutt. Innomhus var det sal av mat og lodd, og ute var det aktivitetar for store og små. Hesteriding, krabbefiske, ansiktsmaling, pilkast på ballongar og svampekasting var populært blant barna, medan dei voksne konkurrerte i hesteskokasting og luftgeværskyting.

 

 

Maria Ringstad og Arve Rindal først til topps

Vinnarane av Høgåsen Opp. Maria Ringstad og Arve Rindal.Fleire bilder i bildearkivet i menyen til venstre.

Vinnarane av Høgåsen Opp. Maria Ringstad og Arve Rindal.
Fleire bilder i bildearkivet i menyen til venstre.

Maria Rinstad og Arve Rindal blei vinnarar av årets utgåve av Høgåsen Opp. Maria tok seieren i dameklassa på tida 21,06 føre Norunn Dimmen som fekk tida 21,30. 3. plassen gjekk til Jenny Stokkevåg Berg med tida 25,24.
I herreklassa gjekk seieren til Arve Rindal frå Eid med tida 15,55. Her blei Joar Moldskred nr. 2 med tida 17,02 mens Ådne Andersen fekk 3. plassen med tida 17,28.

Sjå reportasje i Kondis her

resultatliste_hogaasen_opp_2010.xls

Brannøving på Dimna Grendahus 22. sept.

Dimna Grendahus har i løpet av sommaren fått nytt brannvarslingsanlegg. For å få ei innføring i korleis dette fungerer kallar Dimna Grendahus inn til brannøving onsdag 22. sept. kl. 18.00.

Forhånd.1...133134135136137138139140Neste
sbm-ny.png
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif

 

extra-logo-ramme-2015-bred.png
kleven.png

 

logo_jets_liten.jpg
trimtex-logo-corporate.jpg
westcoat_logo_liten.jpg

 

um_2019_-_logo_-_farge.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS