| |
| | |
Innbyding til Supermangekampen
Desse fullførte mangekampen i 2009
Årets supermangekamp er utvida frå 26 til 30 øvingar og blir arrangert 15. til 17. oktober på Høddvoll og i Dimna.
Påmelding via online påmelding eller på e-post: post@dimna.no. Aldersgrensa for å delta er 13 år.
<p>Greit med telt. Foto Jens Inge Ringstad.</p>
200 deltakarar og godt over 500 startar vart det i årets siste friidrettstemne på Høddvoll Stadion. Været varierte frå kraftig regn og sol. Mest uheldig med værer var rekruttane. Mens dei konkurrerte var det ei lang regnbyge på 2 timar. Når konkurranseklassene starta letta det opp og vart langt betre forhold med lange perioder med opphald.
Jens Inge Ringstad sine bilder kan du sjå her
Funksjonærliste Sparebanken Møre leikane
Her er ein ny versjon av funksjonærlista for stemnet søndag pr laurdag formiddag. Manglar namnet ditt på lista og du kan hjelpe til hadde det vore fint om du sende oss ei melding. Send til post@dimna.no eller SMS 41476148.
Treningsamling i Portugal påsken 2011
Startlister og klubblister for Sparebanken Møre leikane
Her er 1. versjon av startlister og klubblister for Sparebanken Møre leikane til helga. Vi ber om at alle ser over desse og melder tilbake om ev. feil. Send ev. feil til post@dimna.no Ev. etterpåmeldingar kan også sendast til denne adressa. Nytt tidsskjema er lagt ut fredag kveld. Det er gjort endring på spyd gutar 10 og 11 år samt lengde gutar 12 år.
Vi gratulerer Arve med utmerkinga; "Årets Dimning"
Sjå fleire bilder frå Dimnadagen i bildearkivet i menyen til venstre.
Arve Hatløy vart kåra til årets dimning 2010!!
Mange hadde engasjert seg i stemming på "årets Dimning 2010". Arve stakk av med seieren, og det vel fortent. Alle som er engasjert i friidrettsmiljøet både i Dimna IL, i resten av kretsen, og no kansje også nasjonalt ( etter det vellukka UM-arrangementet), kjenner Arve som ein spesielt engasjert og kunnskapsrik ressurs på både ift treningsopplegg, oppfølging og planlegging/gjennomføring av stemner. For Dimna som bygd er friidretten svært samlande og ein viktig sosial arena.
Riding på Åslin var populært på Dimnadagen
Dimnadagen og Høgåsen opp samla mellom 200 og 300 personar i det flotte haustveret. Det var folkeliv både ute og inne frå begynnelse til slutt. Innomhus var det sal av mat og lodd, og ute var det aktivitetar for store og små. Hesteriding, krabbefiske, ansiktsmaling, pilkast på ballongar og svampekasting var populært blant barna, medan dei voksne konkurrerte i hesteskokasting og luftgeværskyting.
Vinnarane av Høgåsen Opp. Maria Ringstad og Arve Rindal. Fleire bilder i bildearkivet i menyen til venstre.
Maria Rinstad og Arve Rindal blei vinnarar av årets utgåve av Høgåsen Opp. Maria tok seieren i dameklassa på tida 21,06 føre Norunn Dimmen som fekk tida 21,30. 3. plassen gjekk til Jenny Stokkevåg Berg med tida 25,24. I herreklassa gjekk seieren til Arve Rindal frå Eid med tida 15,55. Her blei Joar Moldskred nr. 2 med tida 17,02 mens Ådne Andersen fekk 3. plassen med tida 17,28.
Sjå reportasje i Kondis her
Dimna Grendahus har i løpet av sommaren fått nytt brannvarslingsanlegg. For å få ei innføring i korleis dette fungerer kallar Dimna Grendahus inn til brannøving onsdag 22. sept. kl. 18.00.
Funksjonærar til Sparebanken Møre leikane
19. september skal vi arrangere Sparebanken Møre leikane på Høddvoll Stadion. Vi skal få til eit flott stemne og treng då mange funksjonærar. Håper du kan hjelpe til denne søndagen. Send oss i så fall ei melding på mail: post@dimna.no eller SMS til 41476148. Det er mange som ikkje har meldt seg. Håper du sender ei melding i dag.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |