| |
| | |
<p>Renate Grimstad på stadion i Sandnes. Fleire bilder i bildemenyen til venstre.</p>
Renate Grimtad sikra seg ein sterk 8. plass i under NM i Sandnes søndag ettermiddag. I sterk motvind fekk ho tida 15,58 sek. Motvind var på 1,5 sek.m. så det ar ikkje forhold til å sette pers. Men i NM er plasseringa like viktig.
Under hovud NM i Sandnes vart Henrik Overvåg utslått i forsøket på både 100 m og 200 m. På 100 m fredag fekk han tida 11,44 sek. Det var eit bra løp då motvinden var heile 2,6 sek. m. i løpet
Karsten hoppa 1,80 m i høgde
Karsten Warholm (arkivbilde)
Karsten Warholm sette ein solid personleg rekord i høgde under Ørstaleikane larudag. Han hoppa 1,80 m (1056 Tyrvingpoeng). Resultatet er også tangering av aldersrekorden for Møre og Romsdal. Det er også årsbeste i Norge i 14 års klassa. Vi kjem tilbake med meir frå Ørsta seinare.
Ønsker å kjøpe piggsko (sjå under Kjøp og sal)
Informasjonsmøte om UM mandag 23. august
Dimna IL skal stille med mage funksjonærar under UM i Molde. Mandag 23. august kl. 20.30 blir det informasjons-/planleggingsmøte på Dimna Grendahus. Vi håper at flest mogeleg av dei som skal vere med til Molde kan møte denne kvelden. Dersom du enda ikkje har meldt deg som funksjonær, men vil vere med kan du ogås kome på møtet. Vi har plass til fleire.
Treninga på Høddvoll torsdag flyttes til kl. 17.00
Treninga for den eldste gruppa på Høddvoll torsdag 19.08 flyttes fram til kl. 17.00 på grunn av fotballkamp på Høddvoll.
Ørstaleikane og NM denne helga
Denne helga har vi utøvarar i aksjon på to arenaer. Laurdag og søndag vert Ørstaleikane arrangert i Ørsta. Her stiller vi med ei stor tropp frå dei yngste til dei eldste. Sjekk startlista om du er blitt påmeldt i rett øving. Gi beskjed om noko er feil.
I Sandnes vert Hovud NM arrangert. Dit reiser Renate Grimstad og Henrik Overvåg.
Tirsdag 24. august kl. 18.00 arrangerer Dimna IL treningstemne på Høddvoll Stadion. Påmelding frå kl. 17.00 til 17.30 eller på førehand på e-post: post@dimna.no
Dette blir siste sjanse til å kvalifisere seg til UM.
<p>Frå venstre Renate Grimstad, Ådne Andersen og Martin Haddal Sæther</p>
Kretscupen vart avslutta på Straumsnes denne helga. Som venta vart det seier til Tingvoll FIK i lagkampen. Vi klarte ikkje å mobilisere hele laget denne helga og kunne derfor ikkje forsvare leiinga etter første del som vart arrangert i juni.
Sluttstillinga i kretscupen
Her er sluttstillinga i kretscupen.
Ny korrekt liste for lagkampen lagt ut.
Vi kjem tilbake til meir seinare i kveld.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |