| |
| | |
Funksjonærar KM innendørs
Då er funksjonærlista for KM klar. Her er funksjonærar frå mange klubbar i kretsen. Vi minner om at funksjonærare i dei ulike øvingane er ansvarleg for at alt er klart når øvinga startar. Det betyr bl.a. lage klar lengdegropa, merke opp kulesektoren m.m.
Dei som trenger litt ekstra opplæring må også sette av tid til dette før konkurransen startar. Merk at også enkelte har fleire oppgåver. Gjelder bl.a. kulefunksjonærane laurdag og funksjonærane i lengdegrop 2 på søndag.
Oppdatert pr fredag kveld
Lister og info om KM innendørs
Første versjon av startlistene og klubblistene for KM innendørs er no klare.
Pr. no er er 235 deltakarar frå 26 klubber påmeldt.
Dersom du finner feil eller mangler på listene er det fint om du sender oss melding om dette. Send då mail til: pamelding@dimna.no eller SMS til 41476148
No er også tidsskjemaet og funksjonærlista klar.
KM innendørs i Ulsteinhallen
19.og 20. mars er det endeleg klart for KM innendørs. Også denne gangen vert det arrangert som eit opent KM slik at også utøvarar frå andre kretsar kan delta.
I tillegg til dei ordinærer KM klassen (11 år og eldre) blir det også klasser for rekrutter (10 år og yngre).
I innbydinga under finner du oversikt over kva øvingar som blir arrangert dei ulike dagane.
Alle som vil delta må melde seg på via MinIdrett innen tirsdag 15. mars.
Ny øvelse for gutar og jenter 13 år: 800 m er sett på laurdag 19.03
Utøvarar frå Dimna IL kan også melde seg på via epost til pamelding@dimna.no
Då var helga over, og alt vi har jobba fram imot er avslutta. Vi vil gjerne takke alle frivillige for strålande innsats heile veka før, og under NM. Det har verkeleg vore kjekke, travle, morosame og samanspleisande dager.
De er heilt unike!
Billetter til NM i Ulsteinhallen
Billettsalet startar fredag 28.01 kl. 09.00
Du finner meir info om billettsalet på NM sida her:
https://www.nmdimna.no/nm-2022/siste-nytt-om-nm-2022
Viktig informasjon om smittesituasjonen
Vi har i dag, etter å ha snakka med kommuneoverlegen med omsyn til covid, fått fylgjande informasjon;
- Dei som har husstandsmedlemmar som er smitta skal teste seg kvar dag og kan leve som normalt så lenge dei er negative; altså ein kan møte som funksjonær i helga. Testar til husstandsmedlemmar av smitta blir delt ut gratis på helsestasjonen.
- Dei som har vore i møte saman med ein som er bekrefta smitta vil bli kontakta og informert om at dei skal teste seg om dei får symptom.Testar til dei med symptom blir delt ut gratis på helsestasjonen.
- Karantene er avskaffa.
- Isolasjon (4 dagar) gjeld berre den som er sjuk/positiv.
Bruk maske om de ser at meteren ikkje kan haldast, og vi kryssar fingrane for at vi alle held oss friske lengst mulig.
Her vil vi fram til NM legge ut viktig informasjon til alle som som skal vere funksjonærar under NM.
I vedlegget under finner du ein rutinebeskrivelse som er oppdatert til NM. Denne vil bli justert med nye punkt og kanskje mindre endringar også fram mot meisterskapet 5. og 6. februar.
Funksjonærliste
Første versjon av funksjonærlista er no klar. Du finner den i vedlegget under. Her er også eit vedlegg med informasjonsplanen for dei ulike øvingane og funksjonane under NM. Viktig at alle møter til oppsatt tid slik at vi får ut nødvinding informasjon til alle.
Dommarkurs Alle som skal vere dommarar og funksjonærar på ulike øvingar vil vi anbefale å oppdatere seg litt på reglane. Dette kan du gjere gjennom eit digitalt dommarkurs. Om du ikkje vil gå gjennom heile kurset så kan du velje den modulen som er aktuell for øvinga du skal vere dommar/funksjonær i.
Klikk på Les meir knappen så finner du link til kurset.
NM tilbod til aktive medlemmar og NM funksjonærer
Sport 1 på Hareid vil feire NM med å gi alle funksjonærane, både før og under NM, i tillegg til dei aktive i Dimna IL, 20 % rabatt på HOKA joggesko veka før NM (heile veke 6).
Priseksempel: Clifton8 1439 kr (normalpris 1799 kr) og Bondi 1599 kr (normalpris 1999kr). Dette gjeld nye modellar.
Den som ynskjer å nytte tilbodet må sjølv kome på butikken og kjøpe joggeskoa direkte der.
Det blir NM i Ulsteinhallen 5. og 6. februar
Etter at Regjeringa i går endra smittevernreglene har Dimna IL i samråd med Friidrettsforbundet beslutta at det blir NM som planlagt i Ulsteinhallen 5. og 6. februar. Meisterskapet vert arrangert som eit toppidrettarrangement. Det betyr at det er kun utøvarar med toppidrettstatus som kan delta.
Med dei smittevernreglane som gjelder pr i dag vil det ikkje bli plass til så mykje publikum i hallen. Billettar til dei 200 plassane vi truleg kan ha i hallen blir lagt ut for sal seinare i januar.
For dei som ikkje får plass på tribuna så kan meisterskapet opplevast på TV. NRK vil sende direkte store deler av meisterskapet. Den delen som ikkje blir sendt direkte vert streama.
Dimna IL går no inn i tre veker med intensiv planlegging for at dette skal bli eit flott stemne. Vi har framleis behov for hjelparar. Så om du ikkje enda har meldt deg som medhjelpar må du gjerne sende oss ein mail og tilby din hjelp. Send mail til: lill.marit@tussa.com
For å ha toppidrettstatus må eit av vilkåra under vere innfridd:
- Deltakar på Seniorlandslaget, U23-landslaget eller juniorlandslaget U20.
- Kvalifisert for Hovedmeisterskapet i 2020, 2021 eller 2022.
- Deltatt i Diamond League 2021.
- Deltatt i sist senior-OL, -VM og -EM i alle grener.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |