| |
| | |
Treningstider og grupper frå 01.01.22
Når vi no starter opp treningane etter nyttår blir det nokre endringar.
For den eldste gruppa (2008 og eldre) blir det ingen endringer.
10-13 års gruppa
Dei som er født i 2012 vil no få rykke opp i 10-13 års gruppa. Gruppa trenar i Ulsteinhallen tirsdag og torsdag frå kl 1830 til kl 2000.
8-9 års gruppa
Sidan 2012 modellane rykker opp til 10-13 års gruppa så rykker 2014 modellene opp i 8-9års gruppa. Denne gruppa har treningstid i Ulsteinhallen kvar tirsdag kl 1730 til kl 1830
6-7 års gruppa
2014 modellane rykker opp. Det betyr at dei som er født i 2016 kan få starte på friidrettstrening i Ulsteinhallen. Denne gruppa har trening kvar torsdag kl 1730 til 1830.
Påmelding
Nye utøvarar kan melde seg på til trening i dei ulike gruppene på Spond via denne linken:
https://club.spond.com/landing/signup/dimna
Dimna IL har hatt ein lang tradisjon i å arrangere romjulsmarsj rundt Dimnøya 2.juledag. Denne tradisjonen vidareføre vi også i år. Vi håper difor at du legg trimturen 2. juledag rundt Dimnøya! Registrering skjer på Dimna grendahus mellom kl 12-13.
Deltakaravgifta blir 50,- for familiar og 25,- for enkeltpersonar. Vi håpar å sjå deg marsjande kring Dimnøya, det blir kjekt!
Vi treng funksjonærar til NM og KWI
Torsdag 27 januar skal Dimna IL vere med å arrangere Karsten Warholm Invitational og 5-6 februar er der senior NM som står på plakaten. Vi håper å få gjennomført disse arrangementa på "vanlig" måte, og til det trenger vi veldig mange funksjonærer.
Vi trenger alle familier til å stille so mykje dei har anledning til. I tillegg håper vi at mange tidlegare aktivite og funksjonærer ønsker å bidra på desse arrangementa.
Det er ingen vanskelige oppgaver, og det vil bli gitt opplæring og informasjon i forkant av stemna.
eller kontakt Lill-Marit Baade, Vegard Sæter Gurskevik eller Renate Vågen på messenger.
Karsten Warholm Invitational er avlyst
2022 utgåva av Karsten Warholm Invitational er besluttet avlyst på grunn av pandemisituasjonen.
Stevnet skulle etter planen bli arrangert i Ulsteinvik 27. januar.
Vi har bestemt oss for å avlyse arrangementet då vi vurderer det til å vere det rette med tanke på koronapandemien. Vi planlegger å kome sterkt tilbake i 2023, seier Kristine Haddal prosjektleiar for stemnet.
Karsten best i verden uansett øving - vi gratulerer
Karsten Warholm vart i dag kåre til den beste mannlege friidrettsutøvaren i verden uansett øving. Det er første gang ein utøvarar frå Norge har fått denne utmerkelsen.
Med OL gull og verdensrekord var det ingen som kunne måle seg med Karsten sine prestasjonar i år.
Vi gratulerer med denne historiske utmerkinga!
Resulatservice Sparebanken Møre leikane
Løpande resultatservice og startlister finner frå Sparebanken Møre leikane finner du her:
https://webres1.andro.no/sparebank_more_lekene/2021/
Tidsskjema, startlister og klubblister Sparebanken Møre leikane
Første versjon av startlista og klubblista til Sparebanken Møre leikane er no klare. Dersom du finner feil eller mangler så er det fint om du sender oss ei melding slik at vi får ordna det før stemnet laurdag.
Send melding til Arve Hatløy på tlf. 41476148 eller på mail: hatloy@hotmail.com
Ev. etterpåmeldingar må du også sende inn før stemnedagen. Vi ønsker ingen etterpåmeldingar stemnedagen.
Tidsskjemaet justert fredag formiddag. Høgde G13 har no kome med.
Innbyding til Sparebanken Møre leikane 2021
27. november inviterer vil til Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen. Stemnet er opent for alle frå rekrutt til senior.
Påmeldinga er no opna. Du kan melde deg på via Minidrett.
Invitasjonen med oversikt over øvingane i dei ulike klassene finner du i vedlegget.
Arrangement vinteren 2021/2022
Utandørssesongen er no på hell og vi er i gang med planlegginga av innendørssesongen. Vi skal arrangere fleire store arrangement denne vinteren. Her er derfor nokre viktige datoer du bør notere i kalenderen din.
27. november 2021 - Sparebanken Møre Leikane
15. og 16. jan. 2022 - KM (vert arrangert i samarbeid med dei andre klubbane i kretsen)
27. Januar 2022 - Karsten Warholm Invitational
5. og 6. februar 2022 - NM senior og NM høgde og lengde uten tilløp
Startlister og resultat skulecupen i Ulsteinhallen
Startlistene og resultatlistene etter kvart som øvingane blir ferdige finner du på denne linken:
https://webres2.andro.no/dimna/skulecup/2021/semifinale/
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |