| |
| | |
Leiar: Kjersti Kleven (2020-2021) Nestleiar: Tommy Fredriksen (2019-2021) Styremedlem: Are Garshol (2020-2021) Styremedlem: Kathrin Rise (2019-2021) ikkje på val Styremedlem: Vegard Sæter Gurskevik (2020-2022) Ny Ungdomsrepresentant: Kornelia Roppen og Jonas Andre Ose Varamedlem: Marthe Mjøen Berg (2020-2021) Ny Varamedlem: Ansgar Aarland (2020-2021) Ny Faste medlemar i styret utan stemmerett:
Leiar sportsleg utval Arve Hatløy og leiar anleggsnemnda Olav Hansen
I vedlegget kan du sjå alle tillitsvalde for 2020
Klart for nytt stemne på Høddvoll laurdag
Laurdag 13. juni er det klart for eit nytt friidrettsstemne på Høddvoll Stadion. Denne laurdagen vert det to stemner.
Vi starter kl 12 med eit stemne for dei som er 13 år og eldre. Her er det plass til 50 personar i hht. gjeldande smittevernreglar.
Når desse er ferdig og har forlatt stadion er det klart for stemne nr 2 som er for 10, 11 og 12 åringane. Her er det også plass til 50 personar.
Sidan det er begrensa med plass på desse stemna på grunn av smittevernreglane så må alle melde seg på via MinIdrett innan 10. juni.
Foreldre eller trenarar som ønkser plass på tribuna eller stadion må også melde seg på. Dei kan melde seg på via mail til hatloy@hotmail.com. Du vil då få tildelt akkreditering om det er plass. Aktive utøvarar vil bli prioritert.
Alle som melder seg som funksjonærar vll ha adgang til stadion.
I innbydinga så finner du meir informasjon om stemnet og kva øvngar som er sett opp.
HUSK Å MELDE DEG PÅ - DET VIL IKKJE BLI MULIG MED ETTERPÅMELDING.
Det første stemnet gjennomført - mange persar i første forsøk
4 av dei som sette personleg rekord i dag. Frå venstre Jonas Andre Ose med pers i lengde. Videre Anna Garnes Kleven, Kornelia Roppen og Lill-Joelle Miltz. Alle med pers i lengde. Her oppstillt i til fotografering i rett Koronaavstand.
Då er vi endeleg i gang med sesongen 2020 også på Høddvoll. Det blei mange gode resutat og personlege rekordar alt i det første stemnet som vi arrangerte på Høddvoll i dag. Flott vær og fine forhold på dei fleste øvingane. Litt mykje motvind på 200 meter gjorde at vi ikkje fekk dei beste tidene der.
Men på kortsprint og lengde blei det mange persar. Dagens beste resultat stod Jonas Andre Ose før då han sette personleg rekord på 100 m med tida 10,91 sek.
I lengdegropa blei det også mange gode resultat og personlege rekordar. Du kan sjå alle resultata i resultatlista som ligg ved her:
Kjersti Kleven attvald som leiar for Dimna IL
På Dimna IL sitt årsmøte 13. mai vart Kjersti Kleven attvald som leiar for Dimna IL. Årsmøtet som måtte utsetjast på grunn av Koronasituasjonen var avholdt på Dimna Grendanhus.
Det var ingen store saker på årsmøtet denne gangen. Det vanlege årsmøtesakene vart banke gjennom utan dei store diskusjonane. 2019 var prega av fleire store arrangement med bl.a. UM innandørs og Karsten Warholm International. Desse viser også igjen i rekneskapet som kunne gjerast opp med eit fint overskot.
Styret la fram ei fyldig årsmelding som du kan lese under. Her finner du det meste av det som skjedde i 2019.
Årsmøtet vedtok også satsane for medlemskontingent og treningsavgifter for 2020. Desse er uendra i forhold til satsane vi har hatt det siste året.
Startliste seriestemne 30.05.2020
Her er startlsta med heatoppsett for seriestemnet i laurdag.
Tidsskjema seriestemne 30. mai
Her er foreløb tidsskjema for stemnet laurdag. Det kan nok komme mindre justeringar slik at alle rekker dei øvingane dei er påmeldt i.
Tidsskjema Seriestemne 30.05.2020 |
|
|
|
Kl. 12.00 |
Spyd |
Gruppe 1 |
Kl. 12.00 |
100 m |
5 heat |
Kl. 12.30 |
60 m |
3 heat |
Kl. 12.45 |
Lengde |
17 år og eldre |
Kl. 13.00 |
3000 m kappgang |
|
Kl. 13.30 |
Lengde |
13-16 år |
Kl. 14.00 |
Spyd |
Gruppe 2 |
Kl. 14.00 |
Stav |
|
Kl. 14.00 |
200 m |
6 heat |
Kl. 14.40 |
200 m hekk |
3 heat |
Kl. 15.00 |
600 m |
|
Henrikke Antonsen sette personleg rekord i slegge
Henrikke Antonsen - arkivbilde frå 2019
Under kaststemnet Loggane Open i Gloppen i dag sette Henrikke Antonsen ny personleg rekord i slegge.
Ho fekk opp eit kast på 45,80 m som er ny pers. I dette kastet hadde ho berre tre rotasjonar. Normalt kaster Henrikke no med fire rotasjonar. Kasta ho hadde med fire rotasjonar var enda lenger - men dessverre var dei utanfor kastsektoren. Henrikke har nok meir inne når alt stemmer.
Toralv Opsal - Arkivbilde frå junior NM i fjor
Normalt skulle vi ha starta sesongen med Dimnaleikane denne helga. Men slik blei det ikkje. Likevel har vi eit par utøvarar som startar sesongen med litt kasting.
Toralv Opsal deltok onsdag på eit stemne i Nittedal der han kasta diskos og støtte kule. Her viste han at han har trent godt i vinter. Ny pers i begge øvingane. Kula støtte han 14,11 m. I diskos har han no ein personleg rekord på 41,09 m.
Søndag er Henrikke Antonsen påmeldt eit sleggestemne i Gloppen. Her skal ho prøve å forbetre sin personlege rekord som er 45,00 m.
Om ikkje lenge så vil det også bli stemner med litt fleire øvingar.
No kan du bestille klubbkle
Endelig kan du kjøpe Dimna IL sine klubbkle på Trimtex sin nettbutikk
NB! Kort frist: søndag 24. mai
forventet levering i uke 27.
Her er litt informasjon om fremgangsmåte:
Før du kan starte å bestille må du registrere deg. Velg «Logg inn» om du allerede er registrert som bruker på trimtex.no eller “Ny konto” om det er første gang du bestiller fra oss. På mobil må du scrolle litt nedover på siden for å finne disse to valgene.
Klikk deg inn på linken her for å komme til nettbutikken: trimtex.no/no/teamshop/dimnafriidrett
Eller logg inn med teamkode: dimnafriidrett
Du skal motta en ordrebekreftelse fra oss når din ordre har gått gjennom.
Vi anbefaler å bruke Chrome eller Firefox for at det skal fungere optimalt, f.eks vil brukere av Internet Explorer kunne oppleve noen problemer.
Lurt tips! Kommer man “bort” fra klubbsidene, kan man alltid klikke på klubbnavnet øverst på siden for å komme tilbake igjen. På mobil vises dette ved å gå på menyen øverst til venstre.
Hvis noen har problemer med å logge inn, eller andre henvendelser, nøl ikke med å ta kontakt enten på support@trimtex.no eller per telefon 37 26 91 00.
Glimt frå NM som var eit av høgdepunkta i 2019
Dimna IL held årsmøte på Dimna Grendahus onsdag 13. mai kl 20.00.
Under kan du sjå sakliste, årsmelding og årsmøtesaker til årsmøtet.
| |
| | |
| | |
|
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT. |
DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS |
| |