Sparebanken Møre leikane 24. november

symbolfarge_1_240.jpg

Då er vi snart klare til å starte innandørssesongen. Laurdag 24. november arrangerer vi Sparebanken Møre leikane i Ulsteinhallen. Her blir det øvingar for alle - frå rekrutt til senior.

I innbydinga kan du sjå kva øvingar som blir arrangert for dei ulike klassene.  Det er no opna for påmelding. Du kan melde deg på via Min Idrett

www.minidrett.no

Utøvarar frå Dimna IL kan også melde seg på via mail til denne adressa:  pamelding@dimna.no

Det er viktig at du melder deg på innan påmeldingsfristen som er sett til 20. november. Vi minner også om at utøvarar frå Dimna IL ikkje skal betale startkontingent.

Ta kontakt med ein av trenarane om du har spørsmål om stemnet.

innbyding_sparebanken_m_re_leikane_2018.pdf

Foreldremøte mandag 22. oktober kl 1930

2018-04-10_19_21_00.jpg
Mandag 22. oktober kl. 19.30 inviterer vi med dette alle foreldre til foreldremøte på Sunnmøre Folkehøgskule. Vi håper at alle kan stille. På møtet vil vi informere om kva som skjer utover vinteren. Vi har fleire arrangement som det er viktig at alle får informasjon om. Vi vil også informere om dei ulike treningsgruppen, treningstider m.m.
Det blir sjølvsagt også høve til å stille spørsmål om det er noko du lurer på. Vel møtt!

Oppdaterte klubbrekorder for Dimna IL (senior)

Jan Ove Ertesvåg (født 1963) har den eldste klubbrekorden i Dimna IL. I 1981 hoppa han 1,60 m i høgde uten tilløp.
Jan Ove Ertesvåg (født 1963) har den eldste klubbrekorden i Dimna IL. I 1981 hoppa han 1,60 m i høgde uten tilløp.

Her er ei oppdatert oversikt over Dimna IL sine klubbrekordar. Både for menn og kvinner er dei fleste rekordane av nyare dato. Men i beggge klassene er det framleis nokre rekrodar frå 80 tallet. Oddbjørn Skogen har rekorden på 1000 m. Høgde uten tilløp er også ein rekord frå 80 tallet som framleis står. Den er det Jan Over Ertesvåg som har- På kvinnesiden er det kun to gamle rekordar som står igjen. Det er Unni Dragsund sine rekordar på 800 m og lengde utan tilløp. Begge desse er frå midten av 80 tallet.

Mange ar rekordane er forbetra i 2018. Fleire av klubbrekordane er no på eit så høgt nivå at vi nok ikkje kan forvente at så mange blir forbetra kvart år.

klubbrekorder_dimna_il_pr_160918-ny3.pdf

Stor medaljefangst under UM i Overhalla - oppsummering

31.08 til 02.09 vart UM arrangert i Overhalle like nord for Namsos. Nok ein gong blei det ein fin medaljefangst som blei med bussen heim.

3 gull - 1 sølv og 4 bronsemedaljar blei beholdninga.

Her er ei kort oppsummering. Jonas Andre Ose tok gull på 100 m og 200 m. På 100 m vart det motvind så tida var litt over pers (11,28 sek). På 200 m vart det vindstille og han var derfor ikkje langt bak sin personlege rekord til tross for at han har vore småsjuk heile helga. Tida blei 22.25 sek.

Gull blei det også til Caroline Amalie Sætre. Hennar første UM gull kom i ei ny øving for Caroline. Ho prøvde seg i stav med minimal trening i forkant. Manglande teknikk kompenserte ho med mot, fart og styrke og feia over 2,55 m som holdt til UM gull i 17 års klassa.

Bilder frå UM i Overhalla

Klart for NM i Byrkjelo

logo_nm_byrkjelo.png

Fredag 17. august startar senior NM i Byrkjelo. Gjennom heile helga skal Norgeseliten kjempe om NM medaljar og kongepokalar.

Dimna IL stiller med ei stor tropp og har også nokre medaljekandidatar. Karsten Warholm er vårt største håp når vi tenker medaljer. Han er påmeldt på 400 m hekk og 400 m. 400 m hekk finalen går fredag kveld mens 400 m utan hekkar går laurdag.

Vi stiller med ei forholdsvis ung tropp. Men nokre har fleire NM bak seg og kan også vere med å kjempe om medalje. To av desse er Fride Møllre Flatin (kappgang på laurdag) og Ådne Andersen (bl.a. 3000 m hinder på laurdag).

I tillegg skal desse vere med:
Johanne Rise Kvalen  -  Lengde kvalifisering fredag - ev. finale laurdag
Caroline Amalie Sætre  -  Lengde kvalifisering fredag - ev. finale laurdag
Anna Garnes Kleven  -  Lengde kvalifisering fredag - ev. finale laurdag
Jonas Andre Ose  -  100 m fredag og 200 m laurdag
Alice Ulla Berg  -   400 m forsøk fredag - ev. finale på laurdag

I tillegg har vi planer om å stille 2 stafettlag for damer på søndag og eit for menn.

Alt om NM finner du på friidrettsforbundet sine nettsider her:

www.friidrett.no

og på arrangøren sine nettsider her:

http://byrkjelo2018.no/

EM GULL TIL KARSTEN WARHOLM

Vi gratulerer Karsten Warholm med EM gull på 400 m hekk i Berlin.

Etter eit fantastisk løp som også gav ny pers og norsk rekord på tida 47,64 sek. feia han inn til seier og EM gull.

Karsten var favoritt men måtte kjempe hardt til siste hekk mot den Cubanske Tyrkeren Yasmani Copello. Men Karsten viste kven som var best på dei siste 40 meterane og slikra seg EM gullet.

Samling på Sjøborg kulturhus torsdag kveld for å sjå Karsten løpe finale på 400 m hekk

Stor jubel på Sjøborg under VM finalen i fjor. Vi håper vi kan gjenta denne jubelen torsdag kveld.
Stor jubel på Sjøborg under VM finalen i fjor. Vi håper vi kan gjenta denne jubelen torsdag kveld.

Kl. 20.15 torsdag kveld skal Karsten Warholm løpe EM finale på 400 m hekk. Vi gjentar suksessen frå VM i fjor og inviterer til EM fest på Sjøborg kulturhus. Her vil du kunne sjå løpet på storskjerm og heie Karsten fram til EM medalje.

Vi opner dørene kl. 19.30. Vi håper mange vil kome og heie Karsten fram ein ny meisterskapsmedalje.

Forhånd.12345678...135Neste
um_2019_-_logo_-_farge.jpg
spbm_logo_farge.jpg
ulstein_logo_ny.jpg
tussa150.gif
kleven_liten.jpg
logo_jets_liten.jpg
westcoat_logo_liten.jpg
KJØP BILLETT HER:
kwi-bilde3.jpg
rent_idrettslag.jpg
annonse_grasrotandel_180x500.jpg
medlemsklubb_cmyk518.jpg

TERMINLISTE 
RESULTAT 
STATISTIKK
FRIIDRETTSKRETSEN
FRIIDRETT.NO 
LINKAR 
OM OSS

SISTE NYTT
ARKIV
BILDER
VIDEO
TRENING
TRIM
ARRANGEMENT
 

DIMNAREVYEN 
DIMNA GRENDAHUS
GAMLE SIDER
AKTIVITETSKALENDER
KJØP OG SAL 


 

DIMNA IDRETTSLAG

Dimna

6065 Ulsteinvik

E-post: post@dimna.no
(C) DIMNA IDRETSLAG - ALLE RETTIGHETER RESERVERT.  DESIGN OG NETTLØYSING - OSBERGET CMS