Tilbake til alle arrangementer

Karstenløpet 2025

Laurdag 14. juni 2025 inviterar Dimna IL til Karstenløpet; eit gateløp for born. Løpet arrangerast i Ulsteinvik sentrum.

Har DU lyst til å vere med? Ta med deg ei venninde, ein kompis, bror, søster eller naboen og ta turen!

Påmelding åpner snart i EQ timing.

Løpet har både start og målgang utanfor Ulstein Arena. Her blir det musikk, felles oppvarming frå scena, og forhåpentligvis besøk av "Dimnakorren" og Tare. Alle som deltek vil få medalje.

Løpsstart er ca kl. 13.30, og startnummer kan ein hente utanfor Ulstein Arena.

Nærmare tidspunkt kjem

Alle er hjarteleg velkomne til løpsfesten, sjølv om løpet i utgangspunktet er for born mellom 0-12 år.

Forrige
Forrige
31. januar

UM 2025