Aktivitetsdag
Laurdag 24.01 inviterer Dimna IL til aktivitetsdag i Ulsteinhallen frå kl. 12.00–15.00.
Det blir moglegheit for å teste fleire ulike friidrettsøvingar som 60 m, 60 m hekk, 200 m, spyd og lengde. I tillegg blir det Mesternes Mester, sporløp, disco og hoppeslott.
Vi får òg besøk av lokale idrettslag som sjakklubben, taekwondo og symjeklubben (Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb). Under aktivitetsdagen blir det mogleg å sjå kva dei gjer på trening og i konkurransar, samt å stille dei spørsmål de måtte ha.
Sal av bruktklede!
Har du Dimna-utstyr liggjande som du ønskjer å selje?
Då kan du levere kleda og merke dei med pris og telefonnummeret summen skal vippsast til. Levering av bruktklede er ope i Ulsteinhallen torsdag mellom kl. 18.00–19.00 eller laurdag mellom kl. 11.00–12.00.
For deg som ønskjer rimelege og pent brukte kvalitetskled, har du moglegheit på laurdag.
Trykk på lenka under for å sjå labelen som må fyllast ut for klede til sals. Vi har labelar ved ankomst til Ulsteinhallen.
Inngang og startnummer kostar 50 kroner per barn
Hugs innesko.
Har de spørsmål kan det sendest til post@dimna.no