Karstenløpet

Laurdag 6.juni inviterer Dimna IL til Karstenløpet!

Karstenløpet er også i år ein del av programmet under Smak av Ulstein. Laurdag 6. juni klokka 14.00 går startskotet for årets utgåve av Karstenløpet.

Grunna vegarbeid i den løypa vi har nytta tidlegare, har vi sett oss nøydd til å gjere endringar i løypa for årets løp. Det vert likevel både start og målgang ved Ulstein Arena.

Her blir det kiosk, tombola, musikk, felles oppvarming, og besøk av sjølvaste "Dimnakorren". Alle som deltek vil få medalje.

Det blir trekning av premier for dei som er førehandspåmeldt!

Karstenløpet 2026 06.06- Trykk her for påmelding

Løype 1 - kort

Løype 2 - lang

Alle er hjarteleg velkomne til løpsfesten, sjølv om løpet i utgangspunktet er for born mellom 0-12 år.


Forrige
Forrige

Tidsskjema Dimnaleikane

Neste
Neste

Plastdugnad