Motbakkeløpet Å korr bratt

30.august klokka 12.00 - 14.30 arrangerar Dimna IL motbakketløpet Å korr bratt i Ulsteinvik, med ein ny vri!

Å korr bratt har same løype som i fjor: Start ved Ulstein Arena og målgang ved Mosvatnet. Løypa er 6,2 km lang med ein høgdeforskjell på 460 meter.

Nytt for året er at mosjonsløpet som hadde målgang ved Mosvatnet blir erstatta med eit nytt løp: Å korr flatt!

Løypa vil ver på 10km, og går delvis i Ulsteinvik Sentrum. Med start og målgang ved Ulstein Arena. Løypa for løpet er ikkje heil fast satt enda, vi publiserer løypekart so fort det er avklart.

Løpsstart:

  • Å korr bratt kl. 12.00

  • Å korr flatt kl. 12.15

Vi legg ut løypekart for Å korr flatt så snart det er klart.

Påmeldinga opnar snart – følg med i våre kanalar for meir informasjon, påmelding og løypekart!

Neste
Neste

Landslagets Friidrettsskule