Opning av Karsten Warholm stadion

Laurdag 26. september er det klart for offisiell opninga av Karsten Warholm Stadion.

Vi har fortsatt behov for funksjonærar og hjelp før åpninga!

Dersom du har anledning til å bidra som funksjonær eller på dugnad i forkant av opninga set vi stor pris på det! For meir informasjon om dugnad, eller for å melde seg disponibel som funksjonær under opningsstemnet, kan du ta kontakt på e-post post@dimna.no eller telefon 46 96 08 19

Dagen startar med eit førstemne for barn og ungdom i alderen 10 til 19 år frå klokka 11.30 til 14.00. Deretter startar den offisielle opningsseremonien klokka 14.00.

Lenke til påmelding for barn og ungdom stemnet:

https://isonen.no/event/cmqvgpler02vgcn01lfic5e4e/ påmeldingsfrist 17.09

Til seremonien får vi storfint besøk av mellom andre president i Norges Friidrettsforbund, Runar Bålsrud, ordførar Stian Skorgen Scheide, leiar i Dimna IL, Knut Erik Engh, og ikkje minst Karsten Warholm.

Elitestemnet startar klokka 15.00 og samlar fleire av dei største friidrettsstjernene i Noreg på startstreken. Bl.a. Karsten Warholm, Amalie Iuel, Henriette Jæger, Sander Skotheim, Henrik Flåtnes og Sigrid Borge. Totalt vil om lag 30 norske og internasjonale eliteutøvarar delta på stemnet.

Biletter til opningsstemnet:

https://www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20260630

Vi ser fram til ein kjekk og innhaldsrik friidrettsdag med barne- og ungdomsstemne, opningsseremoni og elitestemne.

Vel møtt!💚

Neste
Neste

Barne- og ungdomsstemne Karsten Warholm Stadion